Storesyster Synne kjem heim frå Berlin, og saman med faren køyrer Synne og Sibylle den lange vegen vestover for å besøka mormora. Mora vaks opp der, men på veggene heng det ingen bilete av henne. For Sibylle finst ho berre som brotstykke av dei andre si forteljing. <br/> <br/>«Sibylle» er ein roman om å vera systrer i spennet mellom intim nærleik og veldig avstand, og om å leva både med det som finst og med det som ikkje finst. I ein straum av glasklare setningar skriv Ingrid Z. Aanestad fram eit djupt hòl i eit ganske alminneleg liv.