I 1952 vart Røsseland Bulldoserdrift og Entreprenørforretning etablert. Verksemda har sett djupe spor etter seg, både i Kvinnherad og andre lokalsamfunn. Bak firmaet stod Gunnar Røsseland (1912-1981). I denne boka får vi lesa om han som bygde Husnes og dei som dreiv livsverket vidare gjennom oppturar og nedturar, fram til 2016. <br/> <br/>Vi får ei biografisk oversikt over livet til Gunnaren, etableringa av verksemda, omsuten for samfunnet som førte han inn i politikken og glimt frå industrireisinga på Husnes, Svalbard og andre stader. <br/> <br/>Familien, som alle har vore involvert i drifta, ser attende på det dei har vore med på. Vi får òg høyra frå tidlegare tilsette og andre nærståande. Dette dannar eit viktig dokument i lokalhistoria og syner ein eineståande og driftig mann, ei solid gründerverksemd i eit samfunn i vekst og minnene til dei som har vore med på reisa.