<p>Boka fortel historia - lokalt og sentralt - slik det synest å ha foregått i den første femtiårsbolken etter år 1000. Ho Sigrid er som ein hovudfigur her, høvdingedottera fra Sola, søster av den vidkjente høvdingen Erling Skjalgsson. Ho gifta seg med Sigurd Toresson, bror til Tore Hund - og flytta nordover til heimen hans på Trondarnes. Dette gjeld rike slekter på øvste trinnet i samfunnet. Sigrid informeres og informerer - ho vurderer og går også inn for å påvirke dei dramatiske hendingane i samtida si. Klok og sterk som ho er - så er det ikkje nok for henne å bare vere tilskodar, men sjølv prøve å styre mot det ho ser som viktigast.</p><p>Konteksten her er tusenårsfeiringa som skal komme om få år - med høgdepunktet omkring året 2030. Her vil hendingane fra den tida bli formidla på forskjellig vis, og der er det viktig at også kvinnene får sin velfortjente plass - ikkje bare dei store høvdingane. </p>