Skatetriks frå ei anna verd.

Amika og hunden hans, Bård, er ute og rullar på brett ein kveld. Plutseleg landar ein merkeleg farkost framfor dei. Ut kjem to romhundar. Dei
inviterer Amika og Bård til planeten sin. Bård må vise dei korleis ein skatar på jorda. Men korleis skatar eigentleg ein romhund?

«Rulling i rommet» er ein del av Samlagets Leseland, for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.