Dramatisk ridetur i skogen!

Endeleg har Stig ein hest han kan ri. Sjølv om han berre låner ponnien Bim, er det som om Bim er berre Stig sin.

Ein dag vil Ellen galoppere med ponniane i skogen. Då ramlar Stig av! Det går bra med Stig, men Bim haltar. Tenk om Stig ikkje får ri Bim meir!

Rideturen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.