Med faglege utgangspunkt som teologi, fi losofi , sosiologi, religionshistorie,
idéhistorie, litteraturvitskap og juss vil artikkel samlinga kasta
lys over korleis «religionen» har prega og framleis pregar verditradisjonane
i samfunnet vårt, med europeiske og verdsvide utviklingsdrag
som horisont. Ut frå historia vår vert kristendommen sin verdiformande
rolle ståande i fokus. Dei fl este bidraga stoggar ikkje ved det
deskriptive, men vil vera med på etablera ein open diskurs om både
prinsipielle spørsmål knytte til religionens funksjon som verdi forankring
og til aktuelle utfordringar i den norske samtids konteksten.