Reglar om fast eigedom er i første rekkje ei innføringsbok i fast eigedoms rettsforhold. Forfattaren legg vekt på å framstilla rettsområdet på ein sjølvstendig og tydeleg måte. Føremålet er å skapa engasjement og forståing for eit spennande og levande rettsområde.

Boka ønskjer å framstilla og forklara heilskapen i rettsområdet. Den går inn på samanhengar, systematikk og omgrep i faget, samstundes som den er praktisk og rik på konkrete døme.

Framstillinga presenterer nye perspektiv og synsmåtar på meir tradisjonelle emne. I tillegg inneheld den emne som ikkje er særleg handsama i den norske juridiske litteraturen. På den måten er Reglar om fast eigedom også ei fordjupingsbok.