Kva det er som skjer i eit ras? Heilt enkelt: Noko ein trudde satt bom fast, losnar. Det kan føre til stor øydelegging, men ikkje alltid. I overført betyding kan eit slikt ras vere svært gunstig for eit menneskje. Eller som Kjersti Wøien Håland skriv i diktsingelen «Rasfare»:
dei som er viktige

rasar inn i livet

og legg seg

som tunge steinar

du kan klatre på
Og viser kor samansett det lette og tunge, viktige og vanskelege, er i såkalla vanleg liv. Ikkje bare kan vere, men er. Wøien Håland skriv også: Alt godt i livet/ har falle på meg. Og når vi les denne lina, og resten av desse smarte dikta, blir vi med eitt pinleg klar over at vi kva tid som helst kan få noko i hovudet, metaforisk sett sjølvsagt, som vi aldri kunne føresedd og som for alltid vil forandre oss. Det er den evige rasfaren vi lev i, kvar og ein av oss.