Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for vg2 helseservicefag etter fagfornyinga.

Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og tre lærebøker som følgjer programfaga:

Yrkesliv i helseservicefag

Kommunikasjon og samhandling

Helse- og sjukdomslære

I bøkene møter elevane eit ryddig og lettlese læreverk. Illustrerte casar med situasjonar frå yrkeslivet gjer sluttkompetansen og yrkesidentiteten deira tydeleg.

Puls Yrkesliv i helseservicefag lèt elevane bli godt kjende med helseserviceyrka, sentralt regelverk for helsepersonell, yrkesetikk og krav og forventingar i arbeidslivet. Administrative oppgåver og bruk av digitale ressursar og helsetenester har blitt vigd stor merksemd. Læreboka gir også viktig kompetanse i praktisk smittevern, miljøbevisst forbruk og fysisk og psykisk førstehjelp.

Læreboka har ordforklaringar, omgrepsregister, oppsummeringar og et breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.