Har du nokon gong sagt noko som ikkje var heeeeilt sant? Det har Bea.

Bea er ny på skulen. Ein dag fortel ho dei nye klassekameratane om broren sin.
Prompebroren. Alle vil høyre meir. Så Bea fortel ei forteljing til, og så ei til, og så endå ei forteljing om broren som prompar heilt utan kontroll.

Alle elskar forteljingane til Bea. Men det er eit problem: Bea har ikkje ein prompebror, ho har ikkje ein vanleg bror eingong. Og no vil klassekameratane møte prompebroren.

Prompebroren er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 4.