Som vernepleiar må ein balansere mange
omsyn, og handtere krysspress frå fleire
aktørar. Brukarar skal behandlast med respekt
og omsorg, ein skal samarbeide godt og
effektivt med andre profesjonar og sikre høg
kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike
situasjonar kan ulike krav og forventningar
ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette
er utgangspunktet for denne innføringsboka i
profesjonsetikk i vernepleie.

I første delen av boka blir det gjort greie for
profesjonsetikk generelt; etiske nøkkelomgrep,
teoriar og tenkjemåtar. I andre delen ser ein
på vernepleiarrolla, kva normer og verdiar
som ligg til grunn, og kva utfordringar og
problemstillingar som pregar arbeidskvardagen.
Her står sjølvbestemming og avgjerdsstøtte
sentralt, men også problemstillingar rundt
krysskommunikasjon, konflikthandtering og
det å tale saka til den svake parten blir grundig
behandla. Avslutningsvis blir forskingsetikk
behandla i eit eige kapittel.