Numeriske metodar og berekningar er ein viktig del av ingeniørmatematikk, men for mange kan det å komme i gang med numerisk problemløysing kjennast utfordrande ¿ spesielt om du har lite erfaring med programmering. I Praktisk introduksjon til numeriske metodar blir du leidd steg for steg gjennom numerisk problemløysing, med Python som kodeverktøy.

Metodane blir introduserte gjennom enkle oppgåver som er tilpassa for å gi deg ei klar forståing av korleis teori og praksis heng saman. Mot slutten av boka får du høve til å bruke desse teknikkane for å løyse meir samansette problem. Boka er full av praktiske oppgåver med grundige løysingsforslag som gir deg solid erfaring med metodane.

Boka er utvikla i tett samband med undervising, og er eit nyttig verktøy for deg som vil lære numeriske metodar på ein praktisk og tilgjengeleg måte.

Sølve Selstø er professor ved ingeniørutdanninga på OsloMet ¿ storbyuniversitetet, der han underviser i matematikk og fysikk. Han er utdanna i teoretisk fysikk og forskar på kvantefysikk.

Martin Lilleeng Sætra er forskar ved Meteorologisk institutt og førsteamanuensis ved OsloMet ¿ storbyuniversitetet. Han underviser og forskar innan anvend matematikk og berekningsorientert vitskap.

André Brodtkorb er professor i berekningsvitskap ved OsloMet ¿ storbyuniversitetet. Forskninga og undervisinga hans ligg i skjeringspunktet mellom matematikk og informatikk.