Potetgull og graffiti er den tredje boka om Moa og Samuel

Skaterampen er sliten, og rektor vil rive heile greia. Det vil slett ikkje Moa og Samuel, og saman med vennene sine er dei klare for å gjere kva som helst for å stanse rivinga.
Les også: Pizza med skinke og sjampinjong, Hamburgar og Coca-Cola, Lussekatt i lucianatt, For ei suppe!, Vatn og brød og Smak på denne!.

Gull Åkerblom er svensk barnebokforfattar. Serien om Moa og Samuel er illustrert av Karin Södergren og omsett av Eva Jensen.