På slike dagar<br/>På slike dagar tenkjer vi på bål og eit mørkt regn.På ei røykstrime på himmelen og eit fly som passerer.På den grå søvnen som lukkar horisonten.På lyden av klirrande tomflasker i ein plastpose.På slike dagar har trafikklysa si blinking ei hemmeleg meining.På slike dagar ser ein lenge på vekslepengane og snakkar lite.<br/>Finn Øglænd (f. 1957) debuterte i 1983, og han har sidan gitt ut ei lang rekkje bøker i fleire sjangrar; poesi, romanar, skodespel, barne- og ungdomsbøker, i tillegg til gjendiktingar frå mellom anna fransk og engelsk<br/>