Kva kjenneteiknar god masterrettleiing? Kva må til for at studentane skal lukkast med sine skriveprosjekt? Og korleis kan ein rettleiar bidra både med støtte og nye perspektiv?<br><br>På rett veg med rettleiinga har som føremål å gi oversikt, innsikt og forståing som kan bidra til auka kvali tet i masterrettleiinga og anna fagleg rettleiing i profesjonsutdanningane. Tekstane byggjer på teori og erfaringar forfattarane har gjort i rettleiingsarbeid på ulike nivå i høgare utdanning. Boka er delt inn i tre hovuddelar. Første del set rettleiing inn i ein overordna utdanningskontekst. Den andre delen handlar om problemstillingar knytte til relasjonar, dialog og kommunikasjon. Del tre klargjer og drøftar rettleiingsmetodikk, roller, organisering og modellar for gjennomføring av rettleiing.<br><br>Forfattarane representerer ulike undervisnings- og forskingsfelt i høg-skulesektoren. Fleire av dei har også røynsle frå arbeid i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. For dei fleste av skribentane er master rettleiing noko nytt, og eit landskap dei gjerne vil utforska. Kapitla er skrivne med utgangspunkt i tema som dei er særleg opptek-ne av. Det som er felles, er eit ønske om å få meir kunnskap om som-me av dei komplekse sidene ved rettleiingsarbeidet. Vi vonar antolo-gien kan vera eit bidrag til meiningsbryting og kunnskapsutvikling gjennom erfaringsdeling, diskusjon og kritikk. Vi trur at kapitla kan få fram problemstillingar og dilemma som det må forskast vidare på.