Stareungen Sindre vert født i Båtvika langt ute på vestlandskysten. Rett før familien skal flyge til Sør-Europa for å overvintre, vert eine vengja hardt skadd. Korleis skal det gå no? Sindre vil sjølv bu i Båtvika om vinteren, men får ikkje lov.
Etter eit familieråd vert det avgjort at han skal haike med ein av dei store grøne lastebilane som dagleg køyrer laks og aure frå staden.

Men korleis vite kva bil som skal rette vegen? Og så langt sørover at Sindre kjem trygt fram? Får han nokon gang treffa att familien sin? Og er det mogleg å overleve ein slik tur? Sindre får ei slitsam reise, med dramatiske opplevingar. Heldigvis møter han gode vener og hjelparar når det står på som verst. Eller Pappa dukkar opp.

I del 2 i boka får vi vere med Sindre på nok ei dramatisk hending. Korleis skal han kome levande frå det som no skjer?