Overtrykk er den årlege teikneserieantologien frå Überpress.

Kva lurer nede i vatnet, eller bak ein busk? Kanskje du må ta valet om å redda nokon som har gjort deg vondt, eller å ofra livet for nokon du elskar.

Av og til er ikkje valet så lett.

Sidan 2012 har Überpress gjeve ut 17 teikneserieantologiar med norske talent, med hovudvekt på det Jon Bing og Tor Åge Bringsværd kalla fabelprosa. Det er litteratur som inviterer lesaren inn i eventyr, skrekk, fascinasjon og leseglede, noko dei to forfattarane sjølv prøvde å gjera gjennom dei mange bøkene og tv-seriane sine.

Bidragsytarane har ulike bakgrunnar og driv med alt frå dataspel til illustrasjon.

Dei er: Ørjan Aarvik, Stine Thomassen (Vinter), Lars Helgemo, Dina Norlund, Maria Steffensen, Linn-Catherin Hansen og Marte Jørgensen.