Sommaren 1825 forlét 52 barn, ungdommar og vaksne Stavanger i ei lita
seglskute med namnet RESTAURATION. Dei skulle segla heilt til Amerika.
Nils på ni år og søstrene hans var så spente og gledde seg til å møta att
onkelen. Han heitte Kleng Peerson og hadde reist i førevegen. Ei yngre jente,
Marta Helene, skulle reisa saman med mor si og far sin. Ho gledde seg ikkje, men
var berre trist og lei seg. Kvifor var ho det? Og kva hende om bord på den overfylte
seglskuta på den tre månader lange reisa? Korleis var det så å komma til den store
byen New York? Og korleis kom dei seg vidare til staden der dei skulle bu?
Her i boka finn du historia om dei første norske emigrantane som drog til
Nord-Amerika, fortald med ord og bilde.