Ørn av Martine Grande

300,-

Kjøp

Frå lita pingle til farleg ørn

Sam trivst best inne på rommet sitt saman med bestevennen Ørn, ein liten og glad undulat. I gata utanfor er det bøllene som bestemmer.

- Du må aldri fly frå meg, seier Sam.
- Pip, seier Ørn.
- Bra, seier Sam.

Ein dag ser Sam ei jente på vegen utanfor vindauget sitt. Ho freser rundt på ein sparkesykkel. Kven er ho? Kanskje ho vil vere vennen hans?

Ørn er ei fargerik bok om vennskap og utanforskap. Men det er også ei bok om å vekse og bli sterkare, om til slutt å bli til ein stor, farleg ørn på jakt etter bøller.

Martine Grande (f. 1985) kjem frå Lierne i Trøndelag. Ho er busett i Trondheim der ho jobbar med animasjonsfilm og barnebøker. Ørn er den fjerde boka hennar.

På lager300,-