OPPTUR SUNNFJORD skildrar dei beste turane i heile Sunnfjord, i Fjaler, Askvoll, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal og Flora. Sunnfjord er eit eldorado for friluftsliv, heile året. Her er det aldri langt til gode opplevingar. <br/>OPPTUR SUNNFJORD har fyldig omtale av 91 turar, oppgitt vanskegrad, høgder, lengder og tidsbruk. Boka har nye og detaljerte kart for kvar tur, er rikt illustrert, er hendig og brukarvenleg. <br/>OPPTUR SUNNFJORD gjer turopplevinga rikare ved å fortelje om natur, kulturhistorie og attraksjonar, slik dei ligg i terrenget eller etter stien. <br/>God OPPTUR!