OPPTUR NORDFJORD skildrar dei beste turane i heile Nordfjord: i Bremanger, Gloppen, Stryn, Eid, Vågsøy og Selje. Høgfjellstoppar som Skåla, Eggenipa og Hornelen er med, men også turar i låglandet og på kysten. «Alt i ein fjord» er slagordet for Nordfjord, og her finn du alt du kan drøyme om av turmål og turopplevingar.
OPPTUR NORDFJORD har fyldig omtale av 105 turar, oppgitt vanskegrad, høgder, lengder og tidsbruk. Boka har nye og detaljerte kart for kvar tur, er rikt illustrert, er hendig og brukarvenleg.
OPPTUR NORDFJORD gjer turopplevinga rikare ved å fortelje om natur, kulturhistorie og attraksjonar, slik dei ligg i terrenget eller etter stien.
God OPPTUR!