Boka gir ei systematisk framstilling av økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak, med særleg vekt på retten til utdelingar.
Kva slags økonomiske rettar kan medlemmane i eit samvirkeforetak ha? Kor omfattande kan dei vere? Og korleis skal økonomiske utdelingar frå foretaket fordelast mellom medlemmane? Spørsmåla blir drøfta i lys av samvirkeprinsippa og dei tilsvarande reglane for aksjeselskap. Hovudtemaet er norsk rett, men også internasjonal og utanlandsk rett blir trekt inn. Forfattaren har lagt stor vekt på å gi framstillinga ei praktisk forankring.Boka vil vere nyttig for alle som støyter på samvirkerettslege spørsmål: leiarar og medlemmar i samvirkeforetak, advokatar, dommarar, forvaltingsjuristar, revisorar, rekneskapsførarar og andre.Boka byggjer på doktoravhandlinga som forfattaren skreiv medan han var stipendiat ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo. Tore Fjørtoft (f. 1973) er cand. jur. og Ph.D. i rettsvitskap. Han har tidlegare vore lovrådgivar i Justisdepartementets lovavdeling, og arbeider no i Advokatfirmaet Schjødt.

Forord og innholdsfortegnelse Økonomiske medlemsrettar(pdf, 349,18 kB)