Det er stort endringstrykk i offentleg sektor. Denne antologien drøftar endringar i sektoren, basert på erfaringar, både prinsipielt og frå konkrete studiar. Stikkorda er innovasjon, utviklingsarbeid og læring.

Første del av antologien handlar om innovasjon. To av kapitla ser primært på bruken av omgrepet, først i lys av økonomisk historie, deretter i eit litteraturvitskapleg og filosofisk perspektiv. I kapitla som følgjer, blir innovasjon drøfta med utgangspunkt i empiri frå studiar av etablering av tildelingskontor, kommunal organisering og strategiar for språkleg velferd, og dessutan i lys av omgrepet innovasjonsinvasjon.

Andre del av antologien tek føre seg ulike former for utviklingsarbeid, der ein ser nærare på institusjonar som Statens helsetilsyn, på samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane og korleis utdanningsinstitusjonar kan arbeide for å motivere studentar til å delta i studentutveksling.

Siste del av antologien har læring som overordna tema. Her blir ulike delar av utdanningssystemet sett under lupa. Tema som skulebasert vidareutdanning i klasseleiing for lærarar, erfaringar med aktivtetar som skaper læring og trivsel blant studentar, bruk av praksisbasert metode i entreprenørskapskurs og korleis nye kvalifiseringsvegar i barnehagelærarutdanninga har endra studentgruppene, er døme på korleis ulike sider ved utdanningssystemet er i endring.

Fjordantologien 2016, Offentlig sektor i endring er saman med antologien Innovasjon og entreprenørskap eit resultat av Fjordkonferansen 2015.

Boken er open access og gratis tilgjengelig på idunn.no.