Ø av Thor Magnus Tangerås

300,-

Kjøp

Eit språk utan ord - om sorga over eit barn som vart borte.

På ein kyrkjegard ein dag i februar: Eit barn vert gravlagt. Snøen fell over grava og dei som står rundt, over ord og minne om Øyvor, som var sjuk heile sitt korte liv.

Ø er ein song om sorg og omsorg, om ho som er borte, og dei som er att.

Ø er eit syn av snø og eld, av det som fell og det som frys, og av det som brånar og gløder.

Ø er nemninga av den tomme mengda, ei mengd som ikkje har nokon element. Ø er ikkje det same som ingenting, men kva er det då?

Ø er ein formsikker elegi, eit forsøk på å nærma seg det som både er ordlaust og språkløysande.

På lager300,-