Skakande om sjølvmord.

Ellen Kristvik har opplevd ein forelders verste mareritt. To veker før dottera Johanna fylte 25 år, tok ho sitt eige liv. Kristvik miste sitt einaste barn. I «Notat ved avgrunnen» blir vi kjende med mor og dotter. Lesaren får glimt inn i livet til ulike tider: i barnehagen, på skulen, heime og med venner. Vi møter åleinemora og dottera, men òg den sørgjande mora som desperat prøver å forstå det som skjedde. Korleis kunne den høgt elska dottera hennar ta sitt eige liv?

Kristvik vekslar mellom nakne uttrykk for sorga, glimt frå tida før det katastrofale tapet og forteljingar om korleis etterlatne søkjer hjelp til å leve vidare.

Dette er ei rystande bok om eit vanskeleg og langt på veg tabuisert tema. Mellom 500 og 600 menneske døyr i sjølvmord her i landet årleg. Talet er stigande.