Kjemikaren Unni Eikeseth, kjent som blant anna programleiar frå Newton, gir oss her dei mest spennande og sentrale oppdagingane frå dei siste 150 åra med norsk naturvitskapleg og medisinsk forsking. <br/> <br/>Vi kjenner May-Britt og Edvard Moser og oppdaginga deira av celler som utgjer hjernens stadsans. Men kven andre? Eikeseth tek oss med tilbake til 1870-talet, til Georg Armauer Hansen og oppdaging av leprabasillen. Vi blir kjende med forskaren Sven Furberg som var sentral i løysinga av gåta om DNA-molekylets struktur. Du får historia bak stikket i hælen som alle norske barn får like etter fødselen, og får også lese om rolla til radiokjemikaren Ellen Gleditsch i eit aldri så lite vitskaplege drama som fann stad i radioaktivitetens tidlege historie. Det handlar også om tornadoar på sola, sykloheksanproblemet, om nøkkelprotein hos bier, nordlys og kunsten å dyrke kuler. <br/> <br/>Unni Eikeseth arbeider som høgskolelektor i kjemi ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Tidlegare har ho vore vitskapsjournalist i NRK.