Norsk språkhistorie for lærarar er skreddarsydd for
grunnskulelæraren, og denne andre utgåva av boka inneheld eit heilt nytt
kapittel om språket i dansketida. Sentralt i Kunnskapsløftet 2020 står språkleg
mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid, og i denne grunnleggjande
innføringa tek forfattarane føre seg desse temaa i eit historisk perspektiv:
frå urnordisk, norrønt og mellomnorsk til språket i dansketida, og til slutt
fram til moderne norsk. I boka er det lagt stor vekt på å visa skulerelevansen
til fagstoffet og korleis dette kan bli formidla i klasserommet.

Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk
språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av
tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv.
Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk,
nynorskdidaktikk og norrøn omsett litteratur.

Karine Stjernholm (fødd 1978) er førsteamanuensis i norsk
ved Høgskolen i Østfold. Ho er sosiolingvist, og er spesielt oppteken av
språkideologi. Stjernholm underviser i språk og samfunn, fleirspråklegheit,
språkplanlegging og språkhistorie på lærarutdanninga og på masterprogrammet
Master i norsk i skulen.

Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved
Universitetet i Søraust-Noreg. Han underviser i norsk språk og litteratur, er
utdanna lærar og norrønfilolog, og han forskar på kultur og språk i norrøn tid,
og på norskdidaktikk.