Norsk litterær årbok er ein årleg
litteraturvitskapleg antologi. I 2022-utgåva
diskuterer Agnete Bueie fenomenet podkast i
eit litterært perspektiv. Christine Hamm gjer ei
kritisk lesing av Havboka av Morten Strøksnes,
og Lisbeth P. Wærp les Roy Jacobsens Barrøyromanar i eit øylitterært perspektiv.

Kjell Askildsen døydde i 2021. I ein av
årbokartiklane argumenterer Sigurd Tenningen
for ei breiare forståing forfattarskapen hans.
Espen Grønlie undersøkjer det norske
lyrikkåret 2021. Den grønlandske forfattaren
Niviaq Korneliussen vart tildelt Nordisk råds
litteraturpris for romanen Naasuliardarpi
(Blomsterdalen). Sophie Wennercheid
presenterer både romanen og forfattarskapen i
lys av denne tildelinga.

Årboka inneheld også artiklar om
Ludvig Holberg, tsjekkisk litteratur i
Noreg, Grønne greier, Tegnehanne og
litteraturformidlingsmetoden shared reading.