Ein skuleklasse skal ha nasjonal prøve. På naboskulen er det kome truslar om skulemassakre, men rektor hevdar at prøven må gå sin gang. Uromomentet i klassen, Vidar, er utvist, og ei snikande redsle spreier seg: Står han bak truslane?

Vil han komma tilbake og skada oss?
Nasjonal prøve er eit drama om mistru og frykt for det som er annleis. Kva skjer med ein skuleklassen eller eit samfunn der redsla får herja fritt?

Dette er eit av seks skodespel som er skrivne for Den unge scenen i 2011. DUS bestiller annakvart år fem-seks sceniske tekstar frå like mange etablerte dramatikarar. Tekstane skal skrivast for, og framførast av, ungdom. I 2011 blir Nasjonal prøve spelt av 14 ulike ungdomsgrupper over heile landet.