Faktabok for barn om meteorologi

Korleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det?

Dette er forteljinga om Styrk, men også ei faktabok om meteorologi. I slutten av boka kan du lese om korleis vêret held på å endre seg her på kloten. Og du få vite kvar regnet i Afrika blei av!

Boka er illustrert av Per Ragnar Møkleby.