Orkla utgjer sjølve livåra i eit gammalt kulturlandskap, og stadnamna omkring elva gjev oss verdifulle innblikk i dei fellesskapane som har levd og verka her gjennom tidene. Denne boka byr på ei reise i tekst og bilde nedetter Orkladalen, frå Orkelsjøen på høgfjellet til osen i Orkdalsfjorden. Undervegs stoppar vi opp og ser nærare på noko av det store namnemangfaldet. <br/> <br/>Stadnamna er merkelappane folk har bruka for å orientere seg i landskapet. Med utgangspunkt i eit utval namn av mange slag - bygder, gardar, elvar og mindre stader - greier forfattarane ut om opphav og tyding og set namna i samband med allmennhistoria. Lesaren kan møte kjende og ukjende stader og lære meir om dialekt, kvar namna kjem frå, og korleis norsk heng saman med andre språk. <br/> <br/>Båe forfattarane har vakse opp nokre steinkast frå Orkla og arbeider som professorar i nordisk språkvitskap på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Ivar Berg (fødd i Meldalen i 1982) har arbeidd særleg med eldre språkhistorie, mens Stian Hårstad (fødd i Rennebu i 1977) har skrive mest om språkforhold i moderne tid.