Summen av hendingar som formar eit menneske.

To menn godt oppi 80-åra. Den eine prøver å drepe den andre. Korleis har dei hamna der?

Osvald veks opp under enkle kår i lag med den strenge, gudfryktige mor si. Det er som om ho straffar sonen for noko, men trass i at ho er full av forakt, held ho han i eit fast grep.

På andre sida av fjorden ligg Storgarden, og der bur jamaldringen Frank. Han har alt Osvald ikkje har, men likevel klarer han ikkje å la Osvald vere i fred.

Osvald held seg helst i nærleiken av naboen, Salve smed, eller aleine i skogen. Kvar sundag løftar han på konkylien som ligg på ein av gravsteinane på kyrkjegarden, for å lytte til havet, som ein gong tok far hans.

Nålehuset er ein roman om røter og opphav, om lojalitet og draumar som brest.