Når mora døyr, blir Marta og systera sett bort til nære slektningar. Dei har ikke med seg nokon arv. Marta går gjennom heile livet utan å eiga noko, men saknet etter systera, håpet om ein stad å høyra til, og kjærleiken til natur og arbeid let henne sjå menneska og verda utanfrå, og nåden openberrar seg i glimt på uventa stader.

kvar dag
vinna dyrkjøpt nåde
og kvar natt falda hender
kring same bøn
vesle spire djupt i myrkre
vil du ein gong kjenna sola varma
vinden svala og vatnet styrkja
eller strekkjer du deg fåfengt
under alt som var
før di tid
det som har ervt si rett

Anne Rivenes er fødd i 1969 og bur på Voss. Ho har jobba mange år som journalist, men er også sauebonde og yogalærar. Nåden: Ormen og lammet er hennar første bok.