I boka Museguten Zakkarias møtte vi museguten i blå olabukse med raud bot i baken. Han bur under golvet i det raude huset i skogen saman med foreldra sine og veslebror. Her kjem oppfølgjaren med tre nye historier om museguten og alt han opplever i den vide verda: Museguten Zakkarias på eventyr. <br/> <br/>På 1980-talet fortalde Oddbjørg Bjerke om museguten Zakkarias i Barnetimen for dei minste på NRK. No kan store og små kose seg med forteljingane i bokform, vakkert illustrerte av Runa Bjone.