Tredje bok frå kritikarrost poet

du glir saumlaust

gjennom lufta

på vengjer som

ikkje treng kvile

feller fjør og

vender heim

Munn mot tømmeret skildrar ein far som blir borte, og eit eg som forsøker å finne fram i verda i dette fråværet. Landskapet er heftig og omskifteleg: Frå jordskorpa som sprekk under døyande dyr, til regn på det trettande døgnet. Men innimellom finst det òg parentesar av sommar, med kortslege gras i frukthagen og ripsflekkar på shortsen.

Svanhild Amdal Telnes si tredje diktsamling blandar sorg og livsglede i ei rekke konsentrerte dikt, som til saman blir ei forteljing om kva ein far etterlèt seg.