Boka er eit festskrift til Tove Bull, som fylte 60 år 31. oktober 2005. I tillegg til ein biografisk omtale og ein bibliografi over dei faglege arbeida til Tove Bull, inneheld festskriftet artiklar av forfattarar i inn- og utland. Artiklane tek for seg språkhaldningar og språkideologi, språknormering og språkplanlegging, språklege minoritetar og samiske språktilhøve, språk og kjønn, andre sider ved språkleg variasjon og språkbruk, samt faghistorie.