Stian og Stine er like gamle og bur i det same huset. Dei er stesøsken som nettopp har blitt del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett!
Då er det flaks at Stian og Stine begge liker å løyse mysterium.

Ein kveld dei to er ålene heime, ser dei en ukjend person i hagen, som stikk av når han blir oppdaga. Same kvelden blir ein gut påkjøyrd av ein motorsykkel like ved der dei bur, og motorsyklisten stikk av.

Noko mystisk har skjedd, og Stian og Stine bestemmer seg for å finne ut meir:

- Kven var den mystiske personen i hagen, og kvifor var han der?
- Kven køyrde motorsykkelen, og kvifor køyrde han ned gutten?
- Og kan alt dette ha ein samanheng med romleiren i nærleiken, som nokon har forsøkt å rasere?

Stian og Stine tek saka eigne hender, men jakta på svar fører dei opp i fleire skumle situasjonar.