Amanda er 14 år og forelska. Samtidig truar ein farleg sjukdom med å røve frå ho alt, forelskinga, kjærleiken, livet. Korleis er det for ei ung jente å vere så forelska og samtidig vente på ein hjartetransplantasjon?<br><br/> <strong>Mitt bankande hjarte</strong> er ikkje ei sjukdomshistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Om Amanda, 14 år. Det er historia om det aller finaste og det aller fælaste på same tid.