For å kunne tileigne seg og vurdere forskingsbasert kunnskap må ein ha innsikt i korleis denne blir til. I denne boka får studentane ein første introduksjon til metodar i helsefagleg forsking. Målet er å vise studentane kva metodane går ut på slik at dei både i studiane og i seinare praksis er i stand til å lese og kritisk vurdere ny kunnskap.

I boka gjer forfattarane først greie for bruk av teori, før dei tek for seg kvalitativ metode, kvantitativ metode, kunnskapsoppsummeringar og implementeringsforsking. Eit sentralt poeng i framstillinga er at det er forskingsspørsmålet som avgjer metoden, og at dei ulike metodane er likeverdige og utfyller kvarandre. I eit eige kapittel sist i boka blir det gjort greie for forskingsetiske spørsmål.

Gjennom heile framstillinga blir studentane aktivisert gjennom refleksjonsoppgåver, og bakerst i boka finn ein også ei ordliste over sentrale faguttrykk innan vitskapsteori og metode.

Frode Fadnes Jacobsen er professor og forskingsleiar ved Senter for omsorgsforskning, vest.

Hans Aage Lund er professor ved Institutt for helse og funksjon, Høgskulen på Vestlandet.

Katrine Aasekjær er førstelektor ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Høgskulen på Vestlandet.