Oliventreet er livstreet.
Me var med seinhaustes og rista ned mogne oliven, eg minnest hugnaden når dei vaksne la kapper utover marki under trei.
- Hugs, Jeshua, at profetar og kongar fekk smurd inn olje på hovudet, før dei gjekk inn i si gjerning.
- Kanskje vert eg profet ein dag, eg òg.
Mor såg kvikt og kvast på meg. Men det tenksame i andletet vende fort attende:
- Kjære guten min, anten vert det noko stort av deg, eller so hamnar du i fangeholet.

Dette er ikkje evangeliet om Jesus.
Det er forteljinga om Jeshua frå Nasaret, korleis livet hans var.
Or rabbiens eigen munn, der han sit på bakketoppen vest for Kafarnaum og let minna strøyma.
Av alle menneske dei siste to tusen år er det han som har hatt mest å seia for Vestens kultur ...