Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av? <br/>På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. Overfarten byrjar ei natt under stjernehimmelen medan guten leiter etter Kassiopeia mot nord. <br/>Mare utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa. <br/> <br/>Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal har tidlegare gitt ut romanane Makabre bikkjer (2010) og Guds hund (2014) og ho er Elena Ferrantes norske omsetjar.