Som 33-åring blir ho innlagd på Modum bad, med ei kroppsvekt på berre 38 kilo. Birgit, fødd i 1946, gledesbarnet, gutejenta, ho som elskar dyr og skog, bøker og musikk. Korleis blei livet hennar slik? <br/> <br/>Kvart menneske ber på si historie. Og den historia inneheld kjærleik, smerte, glede, sorg. Det mørkaste mørke og det lysaste lyse. Det er berre å spørje. Snakkar ein saman lenge nok, kjem alt fram til slutt. Slik blei boka du held i handa til. For Birgit finst. Ho svara då Ruth Lillegraven spurde. Manilahallen er biografien om Birgit, skriven som dikt. Eit heilt vanleg - og difor heilt uvanleg - liv, i ei bok du ikkje har lese maken til.