Oddrun Grønvik, tidlegare hovudredaktør i Norsk Ordbok, fyllte sytti år den 18. august 2017. Ho har vore ei av dei mest sentrale kreftene bak den fornyingsprosessen Norsk Ordbok gjekk igjennom frå tusenårsskiftet av. <br/>Dette festskriftet er ganske fagtungt, men ikkje berre. Det består av tre hovuddelar: Den første delen er personleg. Innleiingsartikkelen handlar om personen Oddrun, ført i pennen av broren Gunnvald Grønvik. Deretter får vi kortare oversikter over innsatsen hennar i målrørsla og i Språkrådet. Den andre delen består av fem artiklar om dei store vitskaplege prosjekta Oddrun har vigd yrkeslivet sitt til frå 1987 til 2017. I sentrum står Norsk Ordbok og digitaliseringa av den, men vi får også ein artikkel om dei afrikanske språkdokumentasjonsprosjekta Oddrun har vore engasjert i (særleg i Zimbabwe). Den siste delen består av mindre fagartiklar der tidlegare kollegaer av Oddrun gir smakebitar av det mylderet av småprosjekt som eit slikt omfattande ordboksarbeid inneber. <br/> <br/>Til slutt tar vi med ei vurdering av ordboks- og arkivarbeid i forhold til vitskaplege kvalifikasjonar, og ein bibliografi over dei vitskaplege og populærvitskaplege arbeida til Oddrun.