Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274. I denne lova ligg spirene til både den norske rettsstaten og den folkelege medbestemminga i styre og stell som er ein føresetnad for demokratiet vårt. I høve Landslovjubileet 2024 gir Nasjonalbiblioteket ut ei praktutgåve av Landslova i ny omsetjing. Praktutgåva har ei særs vakker utforming, inspirert av 1300-talets Codex Hardenbergianus. <br/> <br/>«Landslova fortel ei anna historie om Noreg. Ho fortel om eit land som i mellomalderen er ein del av europeisk kultur og politikk, eit land med ein lesande og skrivande elite, men også eit lesande og skrivande folk.» <br/>- Frå føreordet i boka, ved Aslak Sira Myhre og Jørn Øyrehagen Sunde