Eg møter dei.
Slike som Lorden.
Dei sprengjer seg inn i meg og eg sprengjer meg inn i dei.

Det står eit gammalt Lordeslott oppe ved Lindevatnet og skodar ut over landskapet. Ein hustrig vinter er kommen til den vesle bygda, og ein morgon ligg det ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna, Ellen Sofie Bestandig.

Formannen i historielaget, Jon Magne Moi, er overtydd om at han veit kva som har gått føre seg.

Og Lorden kjem nærmare.

Dette er den tredje nynorskromanen frå Tore Renberg etter Du er så lys og Tollak til Ingeborg. Mørkt lysande og full av vrimlande menneskeliv.