Om å leve etter at det aller verste har skjedd.

I løpet av livet opplever dei fleste kriser og hendingar som gjer dagane krevjande og vonde. Gro Skartveit har møtt folk som har vore ute ei vinternatt, men som har klart å fi nne tilbake til eit leveleg liv. Her får du historier om folk som har opplevd drap, sjølvmord, sjukdom, angst og mobbing.

Gro Skartveit deler også noko av si eiga historie. Ho blei misbrukt i eit kristent miljø. Då ho stod fram som lesbisk, forlot ho jobben og mista delar av nettverket. Gjennom folks erfaringar vil Skartveit gjere lesarane betre rusta til å møte og leve etter at det aller verste har skjedd.

Helseminister Bent Høie har skrive forordet.