I samband med utgjevinga av det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok, gjev Samlaget ut eit festskrift.

Festskriftet Livet er æve, og evig er ordet er ein hyllest til det ordboksverket som vil vere det første vitskaplege og dokumenterande ordboksverket over norsk språk.

Festskriftet innheld fire kanoniske artiklar om Norsk Ordbok skrive av Sigmund Skard (1903-1995), Alf Hellevik (1909-2001), Lars S. Vikør (1946-) og Kristin Bakken (1959 -). I tillegg finn du eit utval av Norsk Ordboks festtalar, skrivne av Jon Fosse (2007), Edvard Hoem (2008), Einar Økland (2009) og Aina Basso (2013) og framførde på lanseringane av tidlegare
band. Festtalen til tolvte bandet vil òg koma med. Festskriftet vil innehalde bilete, gamle
så vel som nye, frå arbeidet med ordboka. Sist i skriftet kjem ei rekkje mini-biografiar over dei som har teke del i arbeidet med ordboka, i alt 80 personar.

Bak festskriftet står Helene Urdland Karlsen, Åse Wetås og Lars S. Vikør.