Det siste tiåret har Jon Fosse skrive nokre få kortare prosatekstar, prenta ulike stader. I Levande stein blir desse tekstane samla i ei bok, saman med hymna «Heilt utan ord». Den nyaste teksten, «Drøymt i stein», blei elles nyleg publisert i vårutgåva av det verdskjende engelskspråklege litterære magasinet Granta.<br><br>«Språket, som dikting, skal seia det språket ikkje kan seia, men som trua øygnar eller veit. Også difor var og er språket, vårt språk, det språk vi kan i hjarta, staden der vi kan nå både vit og tru», skriv Jon Fosse i opningsteksten «Aasen, Welhaven, Hauge».<br>