«Det var motbydeleg. Det var verkeleg motbydeleg. Heile dette kvinnedag-styret var motbydeleg. Roosi såg det som ein revolusjon drukna i blomar. Kvinnedagen var smiger, ein billig gest frå ein mannssjåvinistisk ståstad, meir av ein hån enn ein fest.»

Dei femten forteljingane i novellesamlinga «Kvinnedagen» femner alt frå ein generell reiseguide for heile verda til ei pinsam kvinnedagsfeiring, ei levande peparkake og eit første møte med .skulesystemet.

Jüri Kolk (f. 1972) er estisk forfattar, omsetjar og publisist. Han har arbeidd som lagerarbeidar, logistikksjef, innkjøpssjef, eksportspesialist og bakar. I Estland er han anerkjent både for sin poesi (Juhan Liiv-prisen, Gustav Suits-prisen) og novellekunst (Friedebert Tuglas-prisen). Hans litterære produksjon er leiken, ofte basert på språkleik og frie assosiasjonar.

Omsett frå estisk av Øyvind Rangøy.