Alt-i-eitt-middagar er verkeleg geniale. Du treng lite reiskap og utstyr, det går som regel relativt kjapt, og du treng berre ei gryte, ei form, eit steikebrett eller ei steikepanne.<br><br>Denne boka tar for seg kvardagsmiddagar. Laga frå botnen, men ikkje nødvendigvis meir tidkrevjande enn å varme ein frosenpizza eller mekke saman noko frå Toro. Over 60 sunne, raske og enkle rettar med gode, reine råvarer og mykje grønsaker. Oppskrifter for dei som liker å lage mat, men også for dei som ikkje liker det. Rettar som passar like fint til eldre som yngre, til vaksne som barn. Rett og slett alt-i-eitt-middagar for alle.<br